Treng eg antivirusprogramvare?

Om du er vand med Windows eller Mac OS, er du truleg òg vand til at antivirusprogramvare køyrer heile tida. Antivirusprogramvare køyrer i bakgrunnen og sjekkar kontinuerleg etter datavirus som kan finne vegen til datamaskina di og skape problem.

Anti-virus programvare finst til Linux, men du treng truleg ikkje å bruke det. Virus som påverkar Linux er framleis svært sjeldne. Nokre hevdar at dette er fordi Linux ikkje er like mykje brukt som andre operativsystem, og at ingen skriv virus for det. Andre hevdar at Linux i seg sjølv er meir sikkert, og at sikkerheitsproblem som virus kunne ha utnytta vert fiksa svært raskt.

Uansett grunn, er Linux-virus så sjeldne at du ikkje treng å bekymre deg for dei akkurat no.

Om du vil vere ekstra trygg, eller om du vil sjekke etter virus i filer som du deler mellom deg sjølv og folk som brukar Windows og Mac OS, kan du framleis installere antivirusprogramvare. Sjekk i programvareinstallatøren eller søk på nettet; fleire appar er tilgjengelege.