Førehandsvising av filhandsamarinnstillingar
Filhandsamaren lagar miniatyrbilete for å førehandsvise bilete-, video- og tekstfiler. Miniatyrførehandsvisingar kan gå seint for store filer eller over nettverk, så du kan styre når førehandsvisingar vert laga. Klikk på menyknappen øvst til høgre i vindauget, vel Innstillingar, og gå så til Yting-delen.
- Vis miniatyrar
Som standard vert alle førehandsvisingar gjort for Berre på denne datamaskina, dei på din datamaskin eller tilkopla eksterne stasjonar. Du kan setje denne funksjonen til Alle filer eller Aldri. Filhandsamaren kan bla i filer på andre datamaskinar over eit lokalt nettverk eller internett. Om du ofte blar i filer over eit lokalt nettverk, og nettverket har høg bandbreidde, vil du kanskje setje førehandsvisingsvalet til Alle filer.
- Vis talet på filer i mapper
-
Viss du viser filstorleikar i listvising-kolonnar eller ikontekstlinjer, vert mapper viste med eit tal på kor mange filer og mapper dei inneheld. Å telje element i ei mappe kan ta lang tid, særleg for svært store mapper, eller over eit nettverk.
Du kan slå på eller av denne funksjonen, eller slå han berre på for filer på datamaskina di og lokale eksterne stasjonar.