Kolonnepreferansar for filoverflate
Det finst fleire kolonnar med informasjon som du kan vise i Filer-listevindauget.
Trykk på knappen for visingsval i verktøylinja, vel Synlege kolonner … og vel dei kolonnane du vil at skal vere synlege. Då vil du kunne sortere etter desse kolonnane.
- Namn
-
Namnet på mapper og filer.
Kolonna Namn kan ikkje skjulast.
- Storleik
Storleiken på ei mappe vert oppgjeven som talet på element som er i mappa. Storleiken på ei fil vert oppgjeven i byte, KB eller MB.
- Skriv inn
Vist som mappe, eller filtype som PDF-dokument, JPEG-bilete, MP3-lyd, og meir.
- Eigar
Namnet på brukaren som mappa eller fila er eigd av.
- Gruppe
Gruppa som eig fila. Kvar brukar er normalt i si eiga gruppe, men det er mogleg å ha mange brukarar i éi gruppe. Til dømes kan ei avdeling ha si eiga gruppe i eit arbeidsmiljø.
- Løyve
-
Viser filtilgangsrettar. Til dømes, drwxrw-r--
Det fyrste teiknet er filtypen. - tyder vanleg fil og d tyder mappe. I sjeldne tilfelle kan andre teikn òg visast.
Dei neste tre teikna rwx viser kven som eig fila.
Dei neste tre rw- spesifiserer tilgang for alle medlemer av gruppa som eig fila.
Dei siste tre teikna i kolonna r-- angir rettar for alle andre brukarar på systemet.
Kvar løyve har følgjande tyding:
r: lesbar, som tyder at du kan opne fila eller mappa
w: skrivbar, som tyder at du kan lagre endringar i den
x: køyrbar, noko som tyder at du kan køyre det om det er ei program- eller skriptfil, eller at du kan få tilgang til undermapper og filer om det er ei mappe
-: løyve ikkje sett
- Plassering
Stien til plasseringa av fila.
- Endra
Gjev datoen for siste gong fila vart endra.
- Endra — Tid
Gjev dato og klokkeslett for siste gong fila vart endra.
- Brukt
Gjev dato eller klokkeslett for siste gong fila vart aksessert.
- Brukt
Gjev dato eller tid for siste gong brukaren opna fila.
- Presis type
Viser MIME-typen til elementet.
- Oppretta
Gjev dato og tidspunkt då fila vart oppretta.