Innstillingar for åtferda til filhandsamaren

Du kan styre om du enkeltklikkar eller dobbeltklikkar på filer, korleis køyrbare tekstfiler vert handsama, og korleis papirkorga skal fungere. Klikk på menyknappen i sidefeltet i vindauget, vel Innstillingar, og gå så til Generelt-delen.

Generelt

Handling for å opne element

Som standard vel du filer med eit klikk, og med eit dobbeltklikk opnar du dei. Du kan i staden velje at filer og mapper skal opnast når du klikkar på dei éin gong. Når du brukar enkeltklikk-modus, kan du halde inne Ctrl-tasten medan du klikkar for å velje éi eller fleire filer.

Køyrbar tekstfil

Ei køyrbar tekstfil er ei fil som inneheld eit program du kan køyre. Filrettane må også tillate at fila vert køyrt som eit program. Dei vanlegaste er Shell-, Python- og Perl-skript. Desse har filendingane .sh, .py og .pl, høvesvis.

Køyrbare tekstfiler vert òg kalla skript. Alle skript i mappa ~/.local/share/nautilus/scripts vil dukke opp i kontekstmenyen for ei fil under undermenyen Skript. Når eit skript vert køyrt frå ei lokal mappe, vert alle valde filer limte inn i skriptet som parametrar. For å køyre eit skript på ei fil:

  1. Gå til ønskja mappe.

  2. Vel ønsket fil.

  3. Høgreklikk på fila for å opne kontekstmenyen og vel det skriptet du vil køyre frå Skript-menyen.

Eit skript vert ikkje overført nokon parameter når det vert køyrt frå ei fjernmappe som til dømes ei mappe som viser web- eller ftp-innhald.