Eg kan ikkje spele av songane eg kjøpte frå ein nettbutikk for musikk

Viss du har lasta ned musikk frå ein nettbutikk, kan det hende at han ikkje kan spelast av på datamaskina di, særleg viss du kjøpte han på ein Windows- eller Mac OS-datamaskin og deretter kopierte han.

Dette kan skuldast at musikken er i eit format som ikkje vert attkjend av datamaskina di. For å kunne spele av ein song må du ha støtte for dei rette lydformata installert — til dømes viss du vil spele MP3-filer, må du ha MP3-støtte installert. Viss du ikkje har støtte for eit gitt lydformat, skal du få ei melding som seier frå om det når du prøver å spele av ein song. Meldinga skal også gje instruksjonar om korleis du installerer støtte for det formatet slik at du kan spele det av.

Dersom du har støtte for lydformatet til songen, men framleis ikkje kan spele han, kan songen vere kopibeskytta (også kalla DRM-avgrensa). DRM er ein måte å avgrense kven som kan spele ein song og på kva for einingar dei kan spele han. Selskapet som selde songen til deg, styrer dette, ikkje du. Dersom ei musikkfil har DRM-avgrensingar, vil du truleg ikkje kunne spele ho — du treng som regel programvare frå leverandøren for å spele DRM-avgrensa filer, men denne programvara vert ofte ikkje støtta på Linux.

Du kan lære meir om DRM frå Electronic Frontier Foundation.