Endre utsjånaden på skrivebordet ditt

Du kan endre utsjånaden på det som vert vist på skjermen ved å setje stilinnstillinga til lys eller mørk. Du kan velje eit bilete eller bakgrunnsbiletet som skrivebordet ditt.

Lyst eller mørkt utsjånad

For å byte mellom lyse og mørke skrivebordstilar:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Utsjånad.

  2. Klikk på Utsjånad for å opne panelet. Den valt stilen vert vist øvst omgjeve av ei blå ramme.

  3. Trykk for å velje Standard eller Mørk.

  4. Innstillinga vert brukt med ein gong.

Bakgrunn

For å endre biletet som vert brukt til bakgrunnen din:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Utsjånad.

  2. Klikk Utsjånad for å opne panelet. Det valde bakgrunnsbiletet vert vist øvst i førehandsvisinga for den gjeldande stilen.

  3. Det finst to måtar å endre biletet som vert brukt til bakgrunnane dine:

    • Klikk på eitt av bakgrunnsbileta som følgjer med systemet.

      Dei fleste bakgrunnsbileta har lyse og mørke versjonar, viste som miniatyrar delt i to.

    • Klikk Legg til bilete … for å bruke eit av eigne bileta dine. Som standard vert Bilete-mappa opna, sidan dei fleste bilethandsamingsappar lagrar bilete der.

  4. Innstillingane vert brukte med det same.

    For ein annan måte å setje eit av eigne bilete som bakgrunn, høgreklikk på bildefila i Filer og vel Bruk som bakgrunn …, eller opne bildefila i Biletesyning, klikk på menyknappen i tittellinja og vel Bruk som bakgrunn ….

  5. Byt til eit tomt arbeidsområde for å sjå heile skrivebordet ditt.