Del filer via e-post
Du kan enkelt dele filer med kontaktane dine via e-post direkte frå filhandsamaren.
Før du byrjar, må du sørgje for at Evolution eller Geary er installert på datamaskina di, og at e-postkontoen din er konfigurert.
For å dele ei fil på e-post:
Opne Filer-appen frå Aktivitetar-oversynet.
Finn fila du vil overføre.
Høgreklikk på fila og vel Send til…. Eit vindauge for å skrive e-post kjem opp med fila vedlagt.
Klikk Til for å velje ein kontakt, eller skriv inn ei e-postadresse der du vil sende fila. Fyll ut Emne og meldinga som nødvendig og klikk Send.
Du kan sende fleire filer samtidig. Vel fleire filer ved å halde inne Ctrl medan du klikkar på filene, og høgreklikk deretter på ei vald fil.