Kan eg få varsel når fargeprofilen min ikkje er nøyaktig?
Du kan få ei påminning om å kalibrere på nytt etter eit bestemt tidsrom. Diverre er det ikkje mogleg å seie utan kalibrering om ein einingsprofil er nøyaktig, så det er best å kalibrere på nytt regelmessig.
Somme selskap har svært spesifikke reglar for kva tid kalibreringa går ut for profilar, sidan ein unøyaktig fargeprofil kan utgjere ein stor skilnad for eit sluttprodukt.
Viss du set tidsavbrotspolicyen og ein profil er eldre enn policyen, vert det vist ein raud varseltrekant i Farge-panelet ved sida av profilen. Ein varsling vert også vist kvar gong du loggar på datamaskina di.
For å setje policy for skjerm- og skrivarutstyr, oppgjev du makstalderen for profilen i dagar:
$ gsettings set org.gnome.settings-daemon.plugins.color recalibrate-printer-threshold 180
$ gsettings set org.gnome.settings-daemon.plugins.color recalibrate-display-threshold 90