Korleis kan eg teste om fargehandtering fungerer rett?
Effektane av ein fargeprofil er av og til subtile, og det kan vere vanskeleg å sjå om noko vesentleg har endra seg.
Systemet kjem med fleire testprofilar som gjer det tydeleg når profilane vert brukte:
- Blå
Dette vil gjere skjermen blå og teste om kalibreringskurvene vert sende til skjermen.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
Klikk Farge i sidefeltet for å opne panelet.
Vel tenaren du vil leggje til ein profil for. Du vil kanskje ta notat om kva profil som vert brukt for tida.
Trykk på Legg til profil for å velje ein testprofil, som skal vere nedst på lista.
Trykk Legg til for å stadfeste valet ditt.
For å gå tilbake til profilen din, vel eininga i Farge-panelet, og vel så profilen du brukte før du prøvde ein av testprofilane, og trykk Slå på for å bruke han igjen.
Ved å bruke desse profilane kan du tydeleg sjå når ein app støttar fargehandtering.