Slik tek du sikkerheitskopi

Den enklaste måten å ta kopi av filer og innstillingar på er å la ein backup-app styre kopieringsprosessen for deg. Det finst fleire ulike backup-appar, til dømes Déjà Dup.

Hjelpa for den valde backup-appen din vil ta deg gjennom innstillingane for backupen, samt korleis du gjenopprettar dataa dine.

Eit alternativt val er å kopiere filene dine til ein trygg plassering, slik som ein ekstern harddisk, ei lagringsteneste på nett, eller ein USB-minnepenn. Personlege filer og innstillingane dine ligg vanlegvis i Home-mappa, så du kan kopiere dei derfrå.

Mengda data du kan ta sikkerheitskopi av er avgrensa av storleiken på lagringseininga. Om du har plass på sikkerheitskopierings-eininga di, er det best å ta sikkerheitskopi av heile Home-mappa med følgjande unntak:

  • Filer som allereie er sikkerheitskopiert ein annan stad, slik som til ein USB-stasjon, eller anna flyttbar medium.

  • Filer som du enkelt kan gjenskape. Til dømes, om du er programmerar, treng du ikkje ta sikkerheitskopi av filene som vert laga når du kompilerer programma dine. Sørg heller for at du tek sikkerheitskopi av dei opphavlege kjeldefilene.

  • Alle filer i papirkorga. Papirkorga di finn du i ~/.local/share/Trash.