Kvar kan eg finne filene eg vil ta backup av?
Å avgjere kva filer som skal sikkerheitskopierast, og å finne dei, er det vanskelegaste steget når du skal utføre ei sikkerheitskopiering. Oppført nedanfor er dei vanlegaste plasseringane for viktige filer og innstillingar som du kanskje vil sikkerheitskopiere.
-
Personlege filer (dokument, musikk, foto og video)
Desse vert som regel lagra i heimemappa di (/home/ditt_namn). Dei kan liggje i undermapper som Desktop, Documents, Pictures, Music og Videos.
Viss sikkerheitskopieringsmediet har nok plass (til dømes viss det er ein ekstern harddisk), vurder å ta sikkerheitskopi av heile Home-mappa. Du kan finne ut kor mykje diskplass Home-mappa tek ved å bruke Analyse av diskplass.
-
Skjulte filer
Kvart fil- eller mappenamn som startar med eit punktum (.) er skjult som standard. For å sjå skjulte filer, trykkjer du på menyknappen i sidefeltet i Filer-vindauget og trykkjer på Vis skjulte filer, eller trykkjer på Ctrl+H. Du kan kopiere desse til ein sikkerheitskopi på same måte som alle andre filer.
-
Personlege innstillingar (skrivebordsinnstillingar, tema og programvareinnstillingar)
Dei fleste appane lagrar innstillingane sine i skjulte mapper inne i Home-mappa di (sjå over for informasjon om skjulte filer).
Det meste av innstillingane i appen din vert lagra i dei skjulte mappene .config og .local i heimemappa di.
-
Systeminnstillingar
Innstillingar for viktige delar av systemet vert ikkje lagra i Home-mappa di. Det finst fleire plassar dei kan lagrast på, men dei fleste vert lagra i /etc-mappa. Som hovudregel treng du ikkje ta sikkerheitskopi av desse filene på ein heimemaskin. Om du køyrer ein tenar, bør du likevel ta sikkerheitskopi av filene for tenestene han køyrer.