Kvifor leggje til ein konto?

Legg du til nettkontoane dine, vert tenestene du har valt, slik som kalender, chat og e-post, ført direkte til skrivebordet ditt og gjer informasjonen frå tenestene til ein saumlaus del av brukaropplevinga di. Ved å leggje til kontoar kan du enkelt halde kontakten med tenester frå ulike kontoar, slik som chat, samtidig. Set berre opp nettkontoane dine éin gong, så er alle kontoane og tenestene du har lagt til klare til bruk kvar gong du startar datamaskina.

Sjå Tenester og appar på nett for informasjon om kva appar som kan få tilgang til kva tenester på nett.