Hjelpe til med omsetjinga
Brukargrensesnittet og dokumentasjonen til GNOME Games vert omsette av eit fellesskap av frivillige over heile verda. Du er velkommen til å vere med.
Det er mange språk som framleis treng omsetjingar.
For å byrje å omsetje må du opprette ein konto og bli med i omsetjingslaget for språket ditt. Då får du høve til å laste opp nye omsetjingar.
Du kan prate med GNOME-omsetjarar i #i18n:gnome.org på Matrix eller #gnome-i18n på irc.libera.chat. Folka i kanalen er spreidde over heile verda, så du får kanskje ikkje svar med ein gong på grunn av tidsskilnader.
Du kan òg kontakte internasjonaliseringslaget via GNOME Discourse.