Rapporter eit problem

GNOME Sjakk vert vedlikehalde av eit fellesskap av frivillige. Du er velkommen til å vere med. Viss du oppdagar eit problem, kan du sende inn ein feilrapport. Gå til https://gitlab.gnome.org/GNOME/gnome-chess/issues/ for å melde ein feil.

Dette er eit feilsporingssystem der brukarar og utviklarar kan sende inn detaljar om feil, krasj og be om forbetringar.

For å vere med treng du ein konto som gjev deg tilgang til å melde feil og skrive kommentarar. Du må òg registrere deg for å få oppdateringar på e-post om statusen til feilen din. Viss du ikkje har ein konto, klikkar du på lenkja Ny konto for å opprette ein.

Når du har ein konto, loggar du inn og klikkar på Ny sak. Før du melder ein feil, bør du lese retningslinjene for feilrapportar og sjå etter om feilen alt er meld.

Viss du ber om ein ny funksjon, vel 1. Funksjon i Etikettar-menyen. Fyll ut felta Tittel og Skildring og klikk Send inn sak.

Rapporten din får eit ID-nummer, og statusen vert oppdatert etter kvart som han vert handsama.