Slik spelar du
Spelaren med dei kvite brikkene flyttar først. Klikk på brikka du vil flytte. Viss Trekkhint er slått på, viser felta brikka kan flyttast til, den valde brikka gjennomsiktig. Klikk på feltet du vil flytte brikka til. Så er det motspelaren sin tur.
Når du startar GNOME Sjakk, vert hovudvindauget vist som nedanfor.

Hovudvindauget har tre hovuddelar:
I topplinja kan du angre det eller dei siste trekka og setje spelet på pause. I menyen bak menyknappen øvst til høgre i vindauget kan du starte eit Nytt spel, lagre og halde fram med eit spel og gje opp.
Sjakkbrettet er midt i vindauget. Der spelar du ved å flytte brikkene med musa.
Nedst er historikkpanelet for spelet, der du kan gå tilbake. Ein nedtrekksmeny viser trekka som er gjorde, og til høgre ser du kor mykje tid kvar spelar har att.