Velje ein annan motspelar
Som standard er motspelaren din datamaskina.
For å byte sjakkmotor eller spele mot ein ven:
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Innstillingar ▸ Spel.
-
Under Motspelar vel du Menneske for begge spelarane viss du vil spele mot ein ven eller eit familiemedlem.
Du kan òg velje ein annan sjakkmotor. Kva som står i lista, kjem an på kva sjakkmotorar som er installerte på systemet ditt. Ei liste over støtta sjakkmotorar finst på GitLab.