Slik installerer du ein web-app på nytt
Programvare støttar handtering av to typar web-appar:
Den fyrste typen vert vist som tilgjengeleg for installasjon i Programvare (når denne funksjonaliteten er slått på av distribusjonen), medan den andre typen berre viser seg i Programvare etter at dei er installerte via GNOME Web. Om du avinstallerer ein slik app og vil installere han på nytt, må du gjere det ved hjelp av GNOME Web.
Slik installerer du ein web-app med GNOME Web:
Trykk på knappen Meny i øvre høgre hjørne slik det er vist i biletet nedanfor.
Klikk på menyvalet Installer som Web-app …. Dette opnar vindauget for oppretting av web-app.
Klikk på knappen Opprett for å opprette og installere web-appen.

Web-appen skal no dukke opp i fana Installert i Programvare.