Programvarelisensiering
Innleiing
Appar kan vere «fri/open kjeldekode-programvare» eller «proprietære». Dette påverkar fridomane du som brukar har. Om ein app er fri/open kjeldekode-programvare (FOSS), har du fridom til å bruke, kopiere, studere og endre kjeldekoden. Eigd programvare gjev deg ikkje desse fridomane. FOSS-programvare er ofte tilgjengeleg utan kostnad, men dette er ikkje alltid tilfelle.
Sidan kjeldekoden er tilgjengeleg for FOSS-programvare, kan brukarane ta del i utviklinga, bidra med funksjonar eller omsetjingar til sitt språk og fikse feil som påverkar dei. Dei kan revidere koden og sjekke at endringar i programvara ikkje er skadelege. Dei kan lære av kjeldekoden og bruke han som grunnlag for sine eigne FOSS-appar.
FOSS-appar er eit offentleg gode.
Proprietære appar kan ikkje reviderast av brukarane, så du må stole på at utviklarane av appen har dine beste interesser i tankane, og ingen interessekonfliktar.
Les meir om fordelane med FOSS over proprietær programvare.