Programvaremetadata
Skjermbilete

Programvare viser skjermbileta på detaljsida for ein app. Dette bør typisk ta med skjermbilete av ulike vindauge / dialogar i appen, slik at brukaren raskt får eit inntrykk av kva funksjonar appen har, utsjånad og oppleving etc.
Når meir enn eitt skjermbilete finst i metainfo-fila til appen, vil Programvare vise skjermbileta i ein karusell.
I tilfelle appen si metainfo-fil ikkje inneheld noko skjermbilete, vil eit plasshaldarikon som nedanfor med Ingen skjermbilete verte vist:
Plasshaldar-ikonet kan sjå annleis ut om du brukar eit tilpassa ikontema.
Skjermbilete kan verte utdaterte når brukargrensesnittet i appen endrar seg. Difor, sjølv om Programvare viser skjermbilete for ein app, er det viktig å sjekke om desse skjermbileta er oppdaterte eller utdaterte.
Du kan forbetre app-skjermbiletinformasjonen:
App-kontekstlinje
App-kontekstlinja i Programvare er ei samling fliser på detaljsida for ein app, som viser følgjande detaljar.
Dette viser app-kontekstlinja for appen Programvare:

Flisene vert viste i rekkjefølgja som står oppført over (med flisa Lagringsplass til venstre).
Kvar flis er skildra i detalj nedanfor.
Lagring
Programvare viser ei lagringsflis på detaljsida for ein app. Dersom appen ikkje er installert, viser ho den venta nedlastingsstorleiken som trengst for å installere han. Dersom appen er installert, viser det lagringsplassen som er brukt av appen.
Storleikane er rekna ut frå data som vert gjeve av bakgrunnsmodulen i Programvare (til dømes flatpak eller RPM), og er ikkje spesifiserte i metadata som vert gjevne av appen. Det er ingenting du kan gjere for å påverke denne flisa ved å redigere metainfo-fila til ein app. Flisa er oppført her for fullstendele.
Tryggleik
Programvare viser ei tryggleiksflis på detaljsida for ein app. Dette oppsummerer informasjon om appen kan reknast som trygg å installere og køyre, eller om du bør vere varsam før du stolar på han.
Denne flisa kombinerer informasjon om tilgangane som appen ber om når han køyrer (som tilgang til å lese filene dine), med informasjon om korleis appen vart utvikla. Fri programvare, der kjeldekoden er offentleg lesbar, kan vere meir trygg enn proprietære appar, sidan dei kan reviderast.
Vindauget som kjem opp når flisa vert klikka på, listar dei ulike løyva appen ber om, pluss noko informasjon om lisensen og køyremiljøet.
Du kan forbetre tryggleiksinformasjonen:
Maskinvarestøtte
Programvare viser ein flis for maskinvarestøtte på detaljsida til ein app. Dette kombinerer informasjon om maskinvarekrava til appen og maskinvareeigenskapane til datamaskina, med mål om å framheve inkompatibilitetar eller manglande krav — eller å vise at appen fungerer som han skal utan inkompatibilitetar.
Koden ser på følgjande maskinvare. Fleire kan verte støtta i framtida.
Om det er ein peikeplate, mus eller eit tastatur til stades/nødvendig
Om ein gamepad er nødvendig
Minimum og tilrådd visingsstorleik som appen kan skalere til
Det er ikkje mogleg å finne ut sikkert om ein gamepad er til stades, sidan dei ofte vert ståande fråkopla fordi dei ikkje er nødvendige for vanleg databruk.
Vindauget som kjem fram når flisa vert klikka på, listar dei ulike maskinvarekrava til appen, og om nokon av dei ikkje er oppfylte.
Du kan forbetre maskinvareinformasjonen:
Aldersgrense
Programvare viser ei aldersgrenseflis på detaljsida for ein app. Dette viser kva aldersgruppe appen skal vere eigna for, basert på ulike typar innhald som appen har oppgitt at han inneheld. Denne informasjonen er oppsummert i eit format som liknar på aldersvurdering for spel eller film i landet ditt.
Til dømes vil dette vise om eit spel inneheld vald, eller om ein app inneheld annonsar i appen.
Vindauget som kjem fram når du klikkjer på flisa, listar opp dei ulike typane innhald i appen og kor alvorleg det innhaldet er.
Du kan forbetre aldersvurderingsinformasjonen:
Lisens
Programvare viser ei flis som indikerer om ein app er fri programvare eller om lisensen er proprietær, spesial eller ukjend. Denne flisa inneheld meir detaljert informasjon om prosjektet sin lisens. Denne flisa listar også opp nokre av fordelane med fri programvare. Lær meir
Av og til stemmer ikkje lisensinformasjonen for ein app, og dermed vert ein app som er fri programvare vist som «proprietær». På same måte er lisensinformasjonen av og til ukjend.
Programvare markerer frie og opne lisensar med grønt, proprietære og spesielle lisensar med gult slik det er vist her. Ukjende lisensar er markerte med grått.
Du kan leggje til eller forbetre lisensinformasjonen:
Lenkjer
Programvare viser ei liste over ressurslenkjer til appen i lenkjeflisa. Dei er som følgjer:
Nettstadlenkje |
|
Donasjonslenkje |
|
Lenkje for omsetjingsbidrag |
|
Lenkje for feilrapportering |
|
Hjelpelenkje |
|
Kontaktlenkje |
Nokre eller alle desse lenkjene kan vere til stades avhengig av om dei er oppførte i appen sin metainfo-fil.
I tilfelle appen sin metainfo-fil ikkje inneheld nokon lenkje, vert flisa med eit spørjeteikn vist.
Du kan forbetre lenkjene:
Karusellflis

Appar som er framheva av Programvare vert viste i ein karusell øvst i hovudvindauget, slik det er vist her. Kvar karusellflis har ein bakgrunnsfarge som automatisk vert henta frå appen sitt ikon. Av og til passar ikkje denne bakgrunnsfargen heilt for appen og må spesifiserast eksplisitt av apputviklaren.
Kva appar som vert framheva, vert avgjort av vedlikehaldarane til Linux-distribusjonen.
Du kan forbetre karusellflisa:
Kvar metadata kjem frå
Metadata som spesifiserer kva maskinvare programvara krev, kva alder brukarane bør ha, og faktorar som påverkar kor trygt det kan vere å installere, kjem frå metainfo-fila for den programvara.
Metainfofila er ei XML-fil. Filformatet er spesifisert i AppStream-spesifikasjonen.
Sjå metainfo-fila for appen Filer i GNOME.
appdata er den eldre termen for metainfo.
Kva skjer om metadata manglar
Viss noko metadata manglar for ein app, kan Programvare berre gjette kva det kan vere, og dermed ikkje vise mykje informasjon i grensesnitta sine. Gjettingane Programvare gjer er baserte på det faktum at det meste av programvara er laga for stasjonære datamaskinar.
Du kan hjelpe til med å forbetre metadata for ein app!
Korleis bidra med manglande informasjon
Viss du oppdagar at ei appside manglar informasjon eller har feil informasjon, kan du bidra på ein av to måtar:
Du kan rapportere manglande / feil metadata til feilsporingssystemet til appen, slik at apputviklaren kan fikse det.
Du kan sjølv fikse manglande / feil metadata. Sjå Slik gjer du det-guiden nedanfor for korleis du gjer det.
For begge må du fyrst finne prosjektsida til appen. Lenkja til prosjektsida bør typisk vere tilgjengeleg på appen si side slik det er vist her. Om ikkje, må du finne ho med eit enkelt søk på Google.
Appar ligg vanlegvis på GitLab eller GitHub. Til dømes ligg GNOME-appar på gitlab.gnome.org.
Slik legg du til manglande app-skjermbilete
Skjermbiletinformasjonen for ein app vert lagra i <screenshots>-elementet i appen sitt <component> i metainfo-fila.
Tilrådd tal på skjermbilete for ein app er mellom 5 og 10. Skjermbilete bør ideelt sett vere i PNG-formatet med 16:9 sideforhold og minimum breidde på 620 pikslar.
Til dømes er her skjermbileteoppføringane for Programvare-appen:
<screenshots>
<screenshot type="default">
<image>https://gitlab.gnome.org/GNOME/gnome-software/raw/HEAD/data/metainfo/ss-overview.png</image>
<caption>Overview panel</caption>
</screenshot>
<screenshot>
<image>https://gitlab.gnome.org/GNOME/gnome-software/raw/HEAD/data/metainfo/ss-details.png</image>
<caption>Details panel</caption>
</screenshot>
</screenshots>Slik fiksar du feil informasjon om tryggleik og tilgangar
Tryggleiks- og tilgangsinformasjonen for ein app kjem frå ulike kjelder alt etter korleis appen er pakka. For tradisjonelt pakka appar, til dømes i RPM- eller DEB-format, finst det ingen tryggleiks- eller tilgangsinformasjon og ingenting kan gjerast for å leggje det til i ein app.
For flatpak-appar kjem informasjonen frå appen sitt flatpak-manifest, som spesifiserer kva hol i sandkassa appen krev. Kvart av desse hola bidreg typisk til å senke det viste tryggleiksnivået til appen i Programvare — og flyttar det frå «trygt» til «potensielt utrygt» til «utrygt».
For å auke tryggleiksnivået til ein app, må sandkassa gjerast så stram som mogleg, ved å fjerne sandkasseløyve der dei ikkje er nødvendige, og bruke portalar i staden for sandkasseløyve der det er mogleg. Bruk av portalar senkar ikkje det viste tryggleiksnivået til ein app i Programvare.
Til dømes, om appen ber om lese/skrive-tilgang til heile filsystemet (--filesystem=host), treng han det eigentleg, eller treng han berre tilgang til filer på nokre få spesifikke plassar? Om det er tilfelle, kan filportalen brukast, eller meir spesifikke filsystem-tilgangar kan spesifiserast.
Viss appen fungerer på Wayland, og berre treng å fungere på X11 som eit alternativ, utan å bruke spesielle X11-funksjonar, kan han då bruke --socket=fallback-x11 i staden for --socket=x11?
Rettleiing om spesifikke løyve, eller andre pakkeformat, kan verte lagt til her i framtida.
Vidare lesnad:
Slik legg du til manglande maskinvareinformasjon
Maskinvareinformasjonen for ein app vert lagra i <requires>, <recommends> og <supports>-elementa i appen sitt <component> i metainfo-fila.
Programvare forstår <control> og <display_length> —-elementa.
Sjå dette blogginnlegget eller dette blogginnlegget for døme på metadata.
Slik legg du til manglande innhaldsvurdering
Innhaldsvurderinga for ein app vert lagra i <content_rating>-elementet i appen sin <component> i metainfo-fila.
Appar bør bruke OARS 1.1-standarden for å fylle ut dette elementet. Dersom <content_rating>-elementet ikkje er spesifisert, er appen si innhaldsvurdering ukjend. Dersom det er spesifisert, men tomt, har appen ikkje noko innhald som kan vere upassande for noko publikum.
Bruk OARS-generatoren for å lage eigna innhaldsvurdering for ein app.
Slik fiksar du feil lisensinformasjon
Lisensinformasjonen for ein app vert lagra i <project_license>-elementet i appen sitt <component> i metainfo-fila.
Innhaldet i dette elementet skal vere eit SPDX-uttrykk som skildrar hovudlisensen for prosjektet. Dette skal typisk vere lisensen til koden, og skal ikkje ta med lisensen til dokumentasjonen eller tilleggsinnhald.
Dersom SPDX-uttrykket er ein enkelt lisens, eller ein «eller»-kombinasjon av fleire lisensar, som alle er FSF- eller OSI-godkjende, vert appen rekna som «fri programvare» og lisensflisa seier det. Elles vert han rekna som «proprietær».
Viss ein app vert vist som «proprietær» når du meiner det ikkje er rett, er det truleg at <project_license>-elementet tek med dokumentasjonslisensen for prosjektet. Fjern det.
Til dømes, endre lisensmetadata frå:
<project_license>GPL-2.0+ and CC-BY-SA-3.0</project_license>til
<project_license>GPL-2.0+</project_license>Vidare lesnad:
Slik legg du til manglande lenkjer
Lenkjene for ein app vert lagra som <url>-element i appen sin <component> i metainfo-fila.
Legg til så mange av lenkjetypane som er dokumenterte i appstream-spesifikasjonen som er tilgjengelege for appen. Dersom det ikkje finst ei eigna side for ein bestemt lenkjetype, treng han ikkje å takast med.
Til dømes er dette ressurslenkjene for Programvare-appen:
<url type="bugtracker">https://gitlab.gnome.org/GNOME/gnome-software/-/issues</url>
<url type="contact">https://discourse.gnome.org/tag/gnome-software</url>
<url type="contribute">https://welcome.gnome.org/app/Software/</url>
<url type="donation">https://www.gnome.org/donate/</url>
<url type="homepage">https://apps.gnome.org/Software</url>
<url type="translate">https://l10n.gnome.org/module/gnome-software/</url>
<url type="vcs-browser">https://gitlab.gnome.org/GNOME/gnome-software/</url>Slik set du bakgrunnsfargen på karusellflisa
Bakgrunnsfargen til karusellflisa vert vanlegvis henta automatisk frå app-ikonet. Dersom den fargen ikkje er tilfredsstillande, kan han overstyrast ved å bruke appstream-elementet <branding/> med erklærte fargar (sidan 47.x-serien). Fordelen er at fleire klientar kan bruke fargane.
Til dømes er her nokre merkevareoppføringar:
<branding>
<color type="primary" scheme_preference="light">#ff00ff</color>
<color type="primary" scheme_preference="dark">#993d3d</color>
</branding>Merk at scheme_preference-attributtet vert ignorert, Programvare vel sjølv den betre fargen for temaet.
Det er framleis mogleg, for bakoverkompatibilitet, å leggje til følgjande XML til appen sitt metainfo <component> element:
<custom>
<value key="GnomeSoftware::key-colors">[(124, 53, 77), (99, 16, 0)]</value>
</custom>men <branding/>-elementet har forrang.
Verdien av GnomeSoftware::key-colors er ein GVariant i tekstformat med type a(yyy), og representerer ei uordna mengd av nøkkelfargar for appen. Kvart element i mengda er ein farge i RGB-format frå (0, 0, 0) til (255, 255, 255).
Fargane bør veljast slik at dei:
Er identifiserbare for appen, og passar viss mogleg appen sitt merke på noko vis.
Står i kontrast til kanten på app-ikonet, slik at når dei vert brukte som bakgrunn bak det, kan ikonet skiljast ut.
Står i kontrast til forgrunnsfargen i Adwaita-temaet (#2e3436) og i mørk variant (#eeeeec). Dette inneber som regel å velje ein farge med middels lysstyrke.
Kontrast kan sjekkast med Contrast-appen.
Minst éin farge bør spesifiserast. Fleire kan spesifiserast dersom éin farge ikkje kan tilfredsstille alle krava over, og Programvare vil velje den mest føremålstenlege til bruk i karusellflisa. Dersom det er spesifisert nøyaktig éin farge, kan lysstyrken og metninga endrast for å betre kontrasten med forgrunnsfargen. Dersom det er spesifisert meir enn éin farge, vert den med best kontrast til forgrunnsfargen vald, og lysstyrken og metninga vert ikkje endra.
Slik testar du fargeendringar på bakgrunnen i karusellflisa
Endre metainfo-fila til appen din, og køyr deretter Programvare med:
gnome-software --show-metainfo=/sti/til/app.metainfo.xml,icon=/sti/til/app/ikon.png
Detaljsida for appen din vert vist. Om du går tilbake til oversiktssida for Programvare, vert appen din den einaste i karusellen «utvalt».