Eg kan ikkje høyre nokon lydar på datamaskina

Viss du ikkje kan høyre nokon lydar på datamaskina di, til dømes når du prøver å spele av musikk, går du gjennom desse feilsøkingsråda.

Sjå til at lyden ikkje er dempa

Opne systemmenyen og sørg for at lyden ikkje er dempa eller skrudd ned.

Somme berbare datamaskinar har lydlause brytarar eller tastar på tastaturet — prøv å trykkje på den tasten for å sjå om det slår lyden på.

Du bør òg sjekke at du ikkje har dempa appen du brukar til å spele av lyd (til dømes musikkspelaren eller filmspelaren). Appen kan ha ein dempe- eller volumknapp i hovudvindauget, så sjekk det.

Du kan også sjekke volumglidaren i Lyd-panelet:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Lyd.

  2. Klikk på Lyd for å opne panelet.

  3. Under Volumnivå, sjekk at appen din ikkje er dempa. Knappen på slutten av volumglidaren slår Demp av og på.

Sjekk at høgtalarane er slått på og kopla til på rett vis

Dersom datamaskina di har eksterne høgtalarar, må du sørgje for at dei er slått på og at volumet er skrudd opp. Sørg for at høgtalarkabelen er skikkeleg plugga i lydutgangen på datamaskina. Denne kontakten er vanlegvis lysegrøn.

Somme lydkort kan byte mellom kontakten dei brukar til utgang (til høgtalarane) og kontakten for inngang (frå mikrofon, til dømes). Utgangskontakten kan vere annleis når du køyrer Linux, Windows eller Mac OS. Prøv å kople høgtalarkabelen til ein annan lydkontakt på datamaskina di.

Noko siste å sjekke er at lydkabelen sit godt i baksida av høgtalarane. Nokre høgtalarar har òg meir enn éin inngang.

Sjå at rett lydutstyr er valt

Somme datamaskinar har fleire «lydeningar» installerte. Somme av desse kan gje ut lyd og somme kan det ikkje, så du bør sjekke at du har valt rett lydening. Dette kan innebere litt prøving og feiling for å velje den rette.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Lyd.

  2. Klikk på Lyd for å opne panelet.

  3. Under Utlyd, vel eit Output-eining og klikk på Test-knappen for å sjå om det fungerer.

    Du må kanskje prøve kvar tilgjengeleg eining.

Sjekk at lydkortet vart oppdaga på korrekt vis

Lydkortet ditt kan ha vorte feildetektert, truleg fordi drivarane til kortet ikkje er installerte. Du må kanskje installere drivarane til kortet manuelt. Korleis du gjer dette, avheng av kva type kort det er.

Køyr lspci-kommandoen i Terminalen for å finne ut kva lydkort du har:

  1. Gå til Aktivitetar-oversynet og opne ein Terminal.

  2. Køyr lspci med administrative privilegium; anten skriv du sudo lspci og tastar passordet ditt, eller skriv du su, tastar root-passordet (administrativt passord), og skriv deretter lspci.

  3. Sjekk om ein lydkontroller eller lydenhet er oppført: i eit slikt tilfelle skal du sjå produsent og modellnummer for lydkortet. I tillegg viser lspci -v ei liste med meir detaljert informasjon.

Du kan kanskje finne og installere drivarar til kortet ditt. Det er best å spørje på støtteforum (eller på anna vis) for Linux-distribusjonen din for instruksjonar.

Dersom du ikkje får tak i drivarar til lydkortet ditt, vil du kanskje heller kjøpe eit nytt lydkort. Du kan få lydkort som kan monterast inni datamaskina og eksterne USB-lydkort.