Del personlege filer
Du kan gje tilgang til Offentleg-mappa i Heim-mappa di frå ein annan datamaskin på nettverket. Konfigurer Personleg fildeling for å la andre få tilgang til innhaldet i mappa.
Du må ha pakken gnome-user-share installert for at Personleg fildeling skal vere synleg.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Deling.
Klikk på Deling for å opne panelet.
Viss teksten under Einingsnamn lèt deg redigere han, kan du endre namnet datamaskina di viser på nettverket.
Vel Fildeling.
-
Slå på Fildeling-brytaren. Dette tyder at andre på nettverket ditt vil kunne prøve å kople seg til datamaskina di og få tilgang til filer i Offentleg-mappa di.
Ein URI vert vist som du kan få tilgang til Offentleg-mappa frå andre datamaskinar på nettverket.
Tryggleik
- Krev passord
-
For å krevje at andre brukar eit passord når dei går inn i Offentleg-mappa di, slår du på Krev passord-brytaren. Om du ikkje brukar dette valet, kan kven som helst prøve å sjå Offentleg-mappa di.
Dette valet er slått av som standard, men du bør slå det på og setje eit sikkert passord.
Nettverk
Nettverk-delen viser nettverka du er tilkopla no. Bruk brytaren ved sidan av kvart nettverk til å velje kvar personlege filane dine kan delast.