Gjer at sider vert skrive ut i ei anna rekkjefølgje

Omvendt

Skrivarar skriv vanlegvis den fyrste sida fyrst, og den siste sida sist, slik at sidene vert i motsett rekkjefølgje når du hentar dei. Om nødvendig kan du snu denne utskriftsrekkjefølgja.

For å snu rekkjefølgja:

  1. Trykk Ctrl+P for å opne utskriftsvindauget.

  2. I Allment-fana, under Kopiar, merk Omvendt. Den siste sida vert først, og så bortetter.

Samle

Dersom du skriv ut meir enn éin kopi av dokumentet, vert utskriftene som standard gruppert etter sidetal (det vil seie at alle kopiane av side éin kjem ut, deretter kopiane av side to, og så vidare). Sortering gjer i staden at kvar kopi kjem ut med sidene gruppert i rett rekkjefølgje.

Å samle:

  1. Trykk Ctrl+P for å opne utskriftsvindauget.

  2. I Allment-fana, under Kopiar, merk Slå saman.