Avbryt, pause eller slepp laus eit utskriftsjobb
Du kan avbryte eit ventande utskriftsoppdrag og fjerne det frå køen i skrivarinnstillingane.
Avbryt eit utskriftsjobb
Viss du ved eit uhell byrja å skrive ut eit dokument, kan du avbryte utskrifta slik at du ikkje treng å sløse med noko blekk eller papir.
Slik avbryt du eit utskriftsjobb:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skrivarar.
Klikk Skrivarar for å opne panelet.
Trykk på knappen ved sidan av skrivaren som viser talet på oppdrag.
Avbryt utskriftsjobben ved å klikke på stoppknappen.
Viss dette ikkje avbryt utskriftsjobben slik du forventar, prøv å halde inne avbryt-knappen på skrivaren din.
Som siste utveg, særleg om du har eit stort utskriftsoppdrag med mange sider som ikkje let seg avbryte, fjernar du papiret frå skrivaren sitt papirinntak. Skrivaren skal då registrere at det ikkje er papir og vil stoppe utskrifta. Då kan du prøve å avbryte utskriftsoppdraget på nytt, eller prøve å slå skrivaren av og på att.
Ver likevel forsiktig så du ikkje skadar skrivaren når du fjernar papiret. Om du må dra hardt i papiret for å få det ut, bør du kanskje berre la det liggje der det er.
Pause og slepp laus eit utskriftsoppdrag
Viss du vil pause eller frigje eit utskriftsjobb, kan du gjere det ved å gå til jobboppsettet i skrivarinnstillingane og klikke på den aktuelle knappen.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skrivarar.
Klikk Skrivarar for å opne panelet.
Trykk på knappen ved sidan av skrivaren som viser talet på oppdrag.
Set utskriftsjobben på pause eller slepp den ved å klikke på den aktuelle knappen.