Skriv ut ei hefte på ein tosidig skrivar

Du kan lage ei bretta hefte (som ei lita bok eller brosjyre) ved å skrive ut sider i eit dokument i ei spesiell rekkjefølgje og endre eit par utskriftinnstillingar.

Desse instruksjonane er for å skrive ut ei hefte frå eit PDF-dokument.

Viss du vil skrive ut ei hefte frå eit LibreOffice-dokument, må du først eksportere det til PDF ved å velje Fil ▸ Eksporter som PDF…. Dokumentet ditt må ha eit tal sider som er deleleg med 4 (4, 8, 12, 16,…). Du må kanskje leggje til opptil 3 blanke sider.

For å skrive ut ei hefte:

  1. Opne utskriftsvindauget. Dette kan vanlegvis gjerast via Skriv ut i menyen eller ved å bruke tastatursnarvegen Ctrl+P.

  2. Trykk på Eigenskapar… knappen

    I Retning-nedtrekkslista må du sørgje for at Liggjande er vald.

    I rullegardinmenyen Duplex, vel Short Edge.

    Klikk OK for å gå attende til utskriftsvindauget.

  3. Under Omfang og kopiar, vel Sider.

  4. Skriv inn sidetala i denne rekkjefølgja (n er det totale talet på sider, og eit multiplum av 4):

    n, 1, 2, n-1, n-2, 3, 4, n-3, n-4, 5, 6, n-5, n-6, 7, 8, n-7, n-8, 9, 10, n-9, n-10, 11, 12, n-11 …

    Døme:

    • 4-siders hefte: Skriv 4,1,2,3

    • 8-siders hefte: Type 8,1,2,7,6,3,4,5

    • 20-siders hefte: Skriv 20,1,2,19,18,3,4,17,16,5,6,15,14,7,8,13,12,9,10,11

  5. Vel Sideoppsett-fana.

    Under Utforming, vel Brochure.

    Under Sider på sida, i rullegardinmenyen Ta med, vel Alle sidene.

  6. Klikk Skriv ut.