Skriv ut tosidig og fleirsidig oppsett

For å skrive ut på begge sider av kvart ark:

  1. Opne utskriftsvindauget ved å trykkje Ctrl+P.

  2. Gå til Sideoppsett-fana i utskriftsvindauget og vel eit alternativ frå rullegardinlista Tosidig. Dersom alternativet er deaktivert, er tosidig utskrift ikkje tilgjengeleg for skrivaren din.

    Skrivarar handterer tosidig utskrift på ulike måtar. Det er lurt å eksperimentere med skrivaren din for å sjå korleis det fungerer.

  3. Du kan òg skrive ut meir enn ei side av dokumentet per side papir. Bruk Sider per ark-innstillinga for å gjere dette.

Tilgjengelegheita til desse vala kan avhenge av kva skrivar du har, så vel som appen du brukar. Dette valet er kanskje ikkje alltid tilgjengeleg.