Vil datamaskina mi fungere med ein straumforsyning i eit anna land?

Ulike land brukar straumforsyningar med ulike spenningar (vanlegvis 110V eller 220-240V) og vekselstraumsfrekvensar (vanlegvis 50 Hz eller 60 Hz). Datamaskina di bør fungere med straumforsyning i eit anna land så lenge du har ein passande straumadapter. Du kan òg måtte flippe ein brytar.

Viss du har ein berbar datamaskin, er det einaste du treng å gjere å skaffe riktig kontakt til straumadapteren din. Enkelte berbare datamaskinar vert levert med meir enn éin kontakt til adapteren, så du kan allereie ha den rette. Viss ikkje, vil det vere nok å kople den du har til ein standard reiseadapter.

Har du stasjonær datamaskin, kan du òg skaffe ein kabel med ein annan kontakt, eller bruke ein reiseadapter. I dette tilfellet kan du likevel måtte endre spenningsbrytaren på datamaskinens straumforsyning, dersom det finst ein slik. Mange datamaskinar har ikkje ein slik brytar, og vil fungere fint med begge spenningane. Sjå på baksida av datamaskinen og finn kontakten som straumkabelen vert plugga inn i. Ein stad i nærleiken kan det vere ein liten brytar merkt «110V» eller «230V» (til dømes). Skift den om du treng det.

Ver forsiktig når du byter straumkablar eller brukar reiseadapterar. Slå av alt først om du kan.