Legg til foreldrekontroll

Foreldre kan bruke Foreldrekontroll-appen for å hindre born i å få tilgang til skadeleg innhald.

Ein administrator kan bruke denne appen til:

  • Avgrens tilgangen til nettlesarar og appar for ein brukar.

  • Hindre ein brukar frå å installere appar.

  • Lat brukaren berre få tilgang til aldersadekvate appar.

Foreldrekontroll krev at app-ar vert installerte via Flatpak eller Flathub.

Avgrens nettlesarar

Foreldrekontroll gjer at ein administrator kan slå av nettlesartilgang for ein brukar.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.

  2. Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.

  3. Vel Brukarar for å opne panelet.

  4. Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.

  5. Vel Foreldrekontroll.

    Valet vert berre synleg dersom Foreldrekontroll er installert og slått på.

  6. Trykk på Lås opp-knappen.

  7. Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.

  8. Slå på Avgrens nettlesarar-brytaren.

Avgrens appar

Foreldrekontroll gjev ei liste over appar som ein administrator kan slå av.

Appar som alt er installerte (og ikkje via Flatpak) vil ikkje visast i denne lista.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.

  2. Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.

  3. Vel Brukarar for å opne panelet.

  4. Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.

  5. Vel Foreldrekontroll.

    Fana vert berre synleg viss Foreldrekontroll er installert og aktivert.

  6. Trykk på Lås opp-knappen.

  7. Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.

  8. Klikk på Avgrens appar.

  9. Slå på brytaren ved sidan av appane du vil avgrense.

Avgrens installasjon av app

Foreldrekontroll gjev ein administrator høve til å nekte installasjonsrettar for ein brukar.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.

  2. Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.

  3. Vel Brukarar for å opne panelet.

  4. Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.

  5. Vel Foreldrekontroll.

    Fana vert berre synleg viss Foreldrekontroll er installert og aktivert.

  6. Trykk på Lås opp-knappen.

  7. Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.

  8. Slå på Avgrens installasjon av appar-brytaren for å slå han på.

Avgrens app etter aldersgruppe

Avgrens kva appar som er synlege basert på kva som passar for ei bestemt aldersgruppe.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.

  2. Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.

  3. Vel Brukarar for å opne panelet.

  4. Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.

  5. Vel Foreldrekontroll.

    Fana vert berre synleg viss Foreldrekontroll er installert og aktivert.

  6. Trykk på Lås opp-knappen.

  7. Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.

  8. Vel aldersgruppe frå rullegardinmenyen i Eignaheit for appar.