Kva tyder WEP og WPA?
WEP og WPA (saman med WPA2) er namn på ulike krypteringsverktøy som vert brukte til å sikre den trådlause tilkoplinga di. Kryptering kryssar nettverkstilkoplinga slik at ingen kan «lytte» på den og sjå kva nettsider du til dømes vitjar. WEP står for Wired Equivalent Privacy, og WPA står for Wireless Protected Access. WPA2 er den andre versjonen av WPA-standarden.
Å bruke noko kryptering er alltid betre enn å ikkje bruke kryptering, men WEP er den minst sikre av desse standardane, og du bør ikkje bruke han om du kan unngå det. WPA2 er den sikraste av dei tre. Om trådlaust kort og ruter støttar WPA2, er det det du bør bruke når du set opp trådlaust nettverk.