Trøbbeloppløysar for trådlaust nettverk
Sjå til at fungerande einingsdrivarar er installerte
I dette trinnet kan du sjekke om du kan få fungerande drivarar til det trådlause nettverkskortet. Ein drivar er eit program som fortel datamaskina korleis maskinvara skal fungere skikkeleg. Sjølv om det trådlause nettverkskortet er attkjent av datamaskina, kan det hende at det ikkje har drivarar som fungerer særleg godt. Du kan kanskje finne andre drivarar til det trådlause nettverkskortet som fungerer. Prøv nokre av alternativa nedanfor:
-
Sjå etter om den trådlause nettverksadapteren din står på ei liste over støtta einingar.
Dei fleste Linux-distribusjonane har ei liste over trådlause einingar som dei støttar. Av og til gjev desse listene ekstra informasjon om korleis du får drivarane til visse adapter til å fungere skikkeleg. Gå til lista for din distribusjon (til dømes Ubuntu, Arch, Fedora eller openSUSE) og sjå om merket og modellen på det trådlause adapteret ditt står oppført. Du kan kanskje bruke noko av informasjonen der til å få dei trådlause drivarane dine til å fungere.
-
Sjå etter avgrensa (binære) drivarar.
Mange Linux-distribusjonar kjem berre med drivarar som er fri og open kjeldekode. Dette er fordi dei ikkje kan distribuere drivarar som er proprietære, eller lukka kjeldekode. Om den rette drivaren for det trådlause adapteret ditt berre er tilgjengeleg i ein ikkje-fri, eller «binær-berre»-versjon, vert det kanskje ikkje installert som standard. Om dette er tilfelle, sjå på nettstaden til produsenten av det trådlause adapteret for å sjå om dei har nokon Linux-drivarar.
Somme Linux-distribusjonar har eit verktøy som kan laste ned avgrensa drivarar for deg. Om distribusjonen din har eit av desse, kan du bruke det til å sjå om det finn nokon trådlause drivarar til deg.
-
Bruk Windows-drivarane til tilpassaren din.
Generelt kan du ikkje bruke ein einingsdrivar laga for eit operativsystem (som Windows) på eit anna operativsystem (som Linux). Dette er fordi dei har ulike måtar å handsame einingar på. For trådlause adapter kan du likevel installere eit kompatibilitetslag kalla NDISwrapper som lèt deg bruke nokre Windows-trådlause drivarar på Linux. Dette er nyttig fordi trådlause adapter nesten alltid har Windows-drivarar tilgjengelege, medan Linux-drivarar av og til ikkje er tilgjengelege. Du kan lære meir om korleis du brukar NDISwrapper her. Merk at ikkje alle trådlause drivarar kan brukast gjennom NDISwrapper.
Viss ingen av desse vala fungerer, kan du gjerne prøve med ein annan trådlaus adapter for å sjå om du får det til å fungere. USB-trådlause adapter er ofte ganske billige, og dei kan pluggast inn i kva som helst datamaskin. Du bør likevel sjekke at adapteren er kompatibel med Linux-distribusjonen din før du kjøper han.