Stadfest proxyinnstillingar
Kva er ein proxy?
Ein web-proxy filtrerer nettstader som du ser på, tek imot førespurnader frå nettlesaren din om å hente nettsider og elementa deira, og avgjer på bakgrunn av ein policy om dei skal sendast tilbake til deg. Dei vert ofte brukte i bedrifter og på offentlege trådlause hotspot-punkt for å kontrollere kva nettstader du kan sjå på, hindre at du får tilgang til internett utan å logge inn, eller for å utføre tryggingskontrollar på nettstader.
Endre proxy-metode
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettverk.
Klikk på Nettverk for å opne vindauget.
Vel Nettverksmellomtenar frå lista til venstre.
-
Vel kva proxy-metode du vil bruke frå:
- Ingen
Appane vil bruke ei direkte kopling for å hente innhaldet frå nettet.
- Manuell
For kvar proxied protokoll definerer du adressa til ein proxy og port for protokollane. Protokollane er HTTP, HTTPS, FTP og SOCKS.
- Automatisk
Ein URL som peikar til ein ressurs, som inneheld det rette oppsettet for systemet ditt.
Appar som brukar nettverkstilkoplinga vil bruke proxyinnstillingane dine.