Kva er ei MAC-adresse?

Ei MAC-adresse er den unike identifikatoren som produsenten tildeler eit stykke nettverksprodukt (som eit trådlaust kort eller eit ethernet-kort). MAC står for Media Access Control, og kvar identifikatoren er meint å vere unik for ein bestemt eining.

Ein MAC-adresse består av seks sett med to teikn, kvar separert med eit kolon. 00:1B:44:11:3A:B7 er eit døme på ein MAC-adresse.

For å identifisere MAC-adressa til nettverksproduktet ditt:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettverk for kabla tilkopling eller Wi‑Fi for trådlaus tilkopling.

  2. Klikk på Nettverk eller Wi‑Fi for å opne panelet.

  3. Klikk på innstillingar-knappen ved sidan av den aktive tilkoplinga.

  4. MAC-adressa til eininga vert vist som Maskinvareadresse i Detaljar-panelet.

I praksis kan det hende at du må endre eller «spoofe» ei MAC-adresse. Til dømes kan enkelte internettleverandørar krevje at ei bestemt MAC-adresse vert brukt for å få tilgang til tenesta si. Om nettverkskortet sluttar å virke, og du må byte til eit nytt kort, vil tenesta ikkje virke lenger. I slike tilfelle må du spoofa MAC-adressa.