Viser innstillingar i Filer
Du kan endre korleis filer og mapper vert grupperte og sorterte som standard. Trykk menyknappen i sidefeltet i vindauget og vel Innstillingar.
Generelt
- Sorter mapper før filer
Som standard viser ikkje filhandsamaren alle mapper før filer. For å sjå alle mapper oppført før filer, slå på dette valet.
For å endre korleis filer vert sorterte i mapper, sjå Sorter filer og mapper.