Malar for vanleg brukte dokumenttypar

Viss du ofte lagar dokument basert på det same innhaldet, kan du ha nytte av å bruke filmal. Ein filmal kan vere eit dokument av kva som helst type med formateringa eller innhaldet du vil gjenbruke. Du kan til dømes lage eit maldokument med brevhovudet ditt.

Lag ein ny mal

  1. Opprett eit dokument som du skal bruke som mal. Du kan til dømes lage brevhovudet ditt i ein teksthandsamingsapp.

  2. Lagre filen med malinnhaldet i Malar-mappa i Heim-mappa di. Dersom Malar-mappa ikkje finst, må du opprette ho først.

Bruk ein mal for å lage eit dokument

  1. Opne mappa der du vil plassere det nye dokumentet.

  2. Høgreklikk kvar som helst i det tomme området i mappa, og vel Nytt dokument. Namna på tilgjengelege malar vil verte lista opp i undermenyen.

  3. Vel ønskt mal frå lista.

  4. Dobbeltklikk på fila for å opne og byrje å redigere. Du vil kanskje endre namnet på fila når du er ferdig.