Vel filer etter mønster

Du kan velje filer i ei mappe ved hjelp av eit mønster i filnamnet. Trykk Ctrl+S for å få opp vindauget Vel element som samsvarar. Skriv inn eit mønster ved bruk av vanlege delar av filnamna pluss villkortteikn. Det er to villkortteikn tilgjengelege:

  • * passar til eit vilkårleg tal på vilkårlege teikn, til og med ingen teikn i det heile.

  • ? passar nøyaktig med eit kva som helst teikn.

Til dømes:

  • Viss du har ei OpenDocument-tekstfil, ei PDF-fil og eit bilete som alle har det same basisnamnet Faktura, marker alle tre med mønsteret

    Faktura.*

  • Viss du har nokre bilete som er namngjevne Vacation-001.jpg, Vacation-002.jpg, Vacation-003.jpg; vel alle med mønsteret

    Ferie-???.jpg

  • Dersom du har bilete som før, men du har redigert nokre av dei og lagt til -redigert til slutt i filnamnet på bileta du har redigert, marker dei redigerte bileta med

    Ferie-???-redigert.jpg