Styr volum og partisjonar
Ordet volum vert brukt til å skildre ei lagringseining, som ein harddisk. Det kan også referere til ein del av lagringa på den eininga, fordi du kan dele opp lagringa i bitar. Datamaskina gjer denne lagringa tilgjengeleg via filsystemet ditt i ein prosess som vert kalla montering. Monterte volum kan vere harddiskar, USB-stasjonar, DVD-RW-ar, SD-kort og andre medium. Dersom eit volum er montert for tida, kan du lese (og moglegvis skrive) filer på det.
Ofte vert eit montert volum kalla ein partisjon, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er det same. Ein «partisjon» viser til eit fysisk lagringsområde på ein enkelt diskstasjon. Når ein partisjon er montert, kan han omtalast som eit volum fordi du kan få tilgang til filene på han. Du kan tenkje på volum som dei merka, tilgjengelege «butikkfrontane» til dei funksjonelle «bakromma» til partisjonar og stasjonar.
Vis og handter volum og partisjonar med diskhandsamaren
Du kan sjekke og endre lagringsvoluma på datamaskina med diskverktøyet.
Opne Aktivitetar-oversynet og start Diskar.
I lista over lagringseiningar til venstre finn du harddiskar, CD/DVD-stasjonar og andre fysiske einingar. Klikk på eininga du vil inspisere.
-
Høgresida gjev eit visuelt overblikk over volum og partisjonar på det valde apparatet. Den inneheld òg ulike verktøy til å styre desse voluma.
Ver varsam: det er mogeleg å sletta data på disken din fullstendig med desse verktøya.
Datamaskina di har mest sannsynleg minst éin primær partisjon og éin enkelt swap partisjon. Swap-partisjonen vert brukt av operativsystemet til minnehandtering, og vert sjeldan montert. Primærpartisjonen inneheld operativsystemet ditt, appar, innstillingar og personlege filer. Desse filene kan òg verte fordelte på fleire partisjonar for tryggleik eller praktisk bruk.
Ein primærpartisjon må innehalde informasjon som datamaskina brukar til å starte opp, eller boote. Av denne grunn vert han av og til kalla ein oppstartspartisjon, eller oppstartsvolum. For å finne ut om eit volum er oppstartbart, vel du partisjonen og klikkar på menyknappen i verktøylinja under partisjonslista. Trykk så på Rediger partisjon … og sjå på Flagg. Eksterne medium som USB-stasjonar og CD-ar kan òg innehalde eit oppstartbart volum.