Finn informasjon om operativsystemet ditt

Å vite kva operativsystem som er installert kan hjelpe deg med å forstå om ny programvare eller maskinvare vil vere kompatibel med systemet ditt.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.

  2. Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.

  3. Vel Om for å opne vindauget.

  4. Vel Systemdetaljar.

  5. Sjå på informasjonen som er oppført under OS Name, OS Type, GNOME Version og så bortetter.

Informasjon kan kopierast frå kvart element ved å velje det og deretter kopiere til utklippstavla. Dette gjer det enkelt å dele informasjon om systemet ditt med andre.