Legg til ei ny byklokke

Legg til ein by i verdsklokkene dine for å sjå kva tid det er på dagen eller natta i den byen. Du vil også kunne sjekke soloppgangs- og solnedgangstidene for kvar av byane du har lagt til.

  1. Trykk på Verda-knappen.

  2. Trykk på knappen + eller Ctrl+N for å leggje til ein ny by.

  3. Byrj å skrive namnet på byen i søkjefeltet.

  4. Vel rett by eller næraste plassering frå lista.

  5. Trykk Legg til for å leggje til byen.

Om du ikkje ser byen din i lista, er han truleg ikkje tilgjengeleg akkurat no. Du bør heller prøve å leggje til den nærmaste større byen eller hovudstaden i landet ditt.

Klokka for den noverande plasseringa di vert automatisk lagt til i verdsklokkene dine når du er kopla til Internett. Ho vert ikkje vist om du koplar frå Internett, og ho vert automatisk oppdatert om du tek med deg datamaskina til ein annan by.