Legg til ein alarm

Du kan leggje til ein alarm for bestemte dagar i veka. Han ringjer same om Klokke er open eller ikkje.

  1. Trykk Alarmar.

  2. Trykk +.

  3. Still inn når du vil at alarmen skal ringje.

  4. Vel dagane du vil at alarmen skal gå på det fastsette tidspunktet, eller ingen viss du berre vil at alarmen skal gå éin gong.

  5. Du kan gje den nye alarmen din eit namn slik at han er lettare å kjenne att.

  6. Trykk Legg til for å leggje til alarmen.

Du kan mellombels slå av alarmen din om du ikkje vil bruke han på ei tid.

Alarmen ringjer ikkje om datamaskina er slått av.