Demp skjermen når brukaren er inaktiv

Du kan dempe skjermen etter at datamaskina har vore uverksam (ikkje i bruk) ei stund.

Demp skjermen når datamaskina ikkje er i bruk

  1. Opprett user-profilen som inneheld desse linjene:

    /etc/dconf/profile/user

    user-db:user
    system-db:local

    local er namnet på ein dconf-database.

  2. Create the directory /etc/dconf/db/local.d/ if it does not already exist.

  3. Opprett nøkkelfila /etc/dconf/db/local.d/00-power for å gje informasjon til local-databasen.

    /etc/dconf/db/local.d/00-power

    # Oppgje dconf-stien
    [org/gnome/settings-daemon/plugins/power]
    
    # Slå på demping av skjermen
    idle-dim=true
    
    # Set lysstyrken etter demping
    idle-brightness=30
  4. Opprett nøkkelfila /etc/dconf/db/local.d/00-session for å gje informasjon til local-databasen.

    /etc/dconf/db/local.d/00-session

    # Oppgje dconf-stien
    [org/gnome/desktop/session]
    
    # Kor mange sekund med inaktivitet før økta vert rekna som inaktiv
    idle-delay=uint32 300

    Du må ta med uint32 saman med heiltalsverdiane, slik det er vist.

  5. For å hindre at brukaren overstyrer desse innstillingane, opprettar du fila /etc/dconf/db/local.d/locks/power-saving med dette innhaldet:

    /etc/dconf/db/local.d/locks/power-saving

    # Lås demping av skjermen og tidsavbrot ved inaktivitet
    /org/gnome/settings-daemon/plugins/power/idle-dim
    /org/gnome/settings-daemon/plugins/power/idle-brightness
    /org/gnome/desktop/session/idle-delay

    Om du vil la brukaren endre desse innstillingane, hoppar du over dette steget.

  6. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update
  7. Brukaren må logge ut og inn på nytt før systeminnstillingane vert gjeldande.