Styr brukar- og systeminnstillingar med dconf

dconf er eit av hovudverktøya for oppsett i GNOME. Føremålet er å hjelpe deg med å setje og styre system- og appinnstillingar i GNOME.

For å gje deg eit inntrykk av krafta til dconf i GNOME, finst det ein dconf-nøkkel for nesten kvar einaste innstilling som ein brukar kan klikke på i GNOME-skrivebordet eller i ein GNOME-app. I tillegg er det nokre system- og app-innstillingar som ikkje eingong kan endrast frå brukargrensesnittet, men som kan endrast ved å bruke dconf.

For deg som administrator tyder dette at når du kan bruke dconf, kan du tilpasse GNOME og GNOME-baserte appar slik at dei passar best til behova i miljøet ditt.

Brukaren kan overstyre standardinnstillingane med sine eigne innstillingar, med mindre administratoren låser desse standardinnstillingane for å hindre overstyring.