Profilar

Ein profil er ei liste over konfigurasjonsdatabasar. Den første databasen i ein profil er databasen det vert skrive til, og dei attverande databasane er skrivebeskytta. Kvar av systemdatabasane er laga frå ei nøkkelfilmappe. Kvar nøkkelfilmappe inneheld éi eller fleire nøkkelfiler. Kvar nøkkelfil inneheld minst éin dconf-sti og éin eller fleire nøklar og dei tilsvarande verdiane.

Nøkkelpar som er sette i ein dconf profil vil overstyre standardinnstillingane, med mindre det er eit problem med verdien du har sett.

Som regel bør dconf-profilen din bestå av ein brukardatabase og minst éin systemdatabase. Profilen må føre opp éin database per linje.

Den første linja i ein profil er databasen som endringar vert skrivne til. Det er vanlegvis user-db:user. user er namnet på brukardatabasen som vanlegvis finst i ~/.config/dconf.

Ei system-db-linje spesifiserer ein systemdatabase. Desse databasane finst i /etc/dconf/db/.

Dømeprofil

user-db:user
system-db:local
system-db:site

Med éin brukardatabase og fleire systemdatabasar kan innstillingane leggjast lagvis. Innstillingar frå user-databasen går føre innstillingane i local-databasen, og local-databasen går i sin tur føre site-databasen.

For låsar er prioriteringa likevel omvend. Låsar i site- eller local-databasen går føre dei som finst i user.

dconf-profilen for ei økt vert avgjort ved innlogging, så brukarar må logge ut og inn for å ta i bruk ein ny dconf-brukarprofil i økta si.

For meir informasjon, sjå man-sida dconf(7).

Vel ein profil

Ved oppstart les dconf miljøvariabelen DCONF_PROFILE. Variabelen kan spesifisere ein relativ sti til ei fil i /etc/dconf/profile/, eller ein absolutt sti, til dømes til brukaren sin heimemappe.

Viss miljøvariabelen er sett, prøver dconf å opne den namngitte profilen og avbryt viss det ikkje går. Viss variabelen ikkje er sett, prøver dconf å opne profilen som heiter «user». Viss det ikkje går, fell han tilbake til eit innebygd, fast oppsett.

For meir informasjon, sjå man-sida dconf(7).