Tillat eller forby nettkontoar

GNOME Online Accounts (GOA) vert brukt til å integrere personlege nettkontoar med GNOME-skrivebordet og programma. Brukaren kan leggje til nettkontoar som Google, Facebook, Flickr, ownCloud og andre med programmet Nettkontoar.

Som systemadministrator kan du:

  • slå på alle nettkontoar;

  • slå på berre nokre nettkontoar;

  • slå av alle nettkontoar.

Set opp nettkontoar

  1. Sjå til at pakken gnome-online-accounts er installert på systemet.

  2. Opprett user-profilen som inneheld desse linjene:

    /etc/dconf/profile/user

    user-db:user
    system-db:local

    local er namnet på ein dconf-database.

  3. Create the directory /etc/dconf/db/local.d/ if it does not already exist.

  4. Opprett nøkkelfila /etc/dconf/db/local.d/00-goa med dette oppsettet for å gje informasjon til local-databasen.

    • For å slå på bestemte leverandørar:

      [org/gnome/online-accounts]
      whitelisted-providers= ['google', 'facebook']
    • For å slå av alle leverandørar:

      [org/gnome/online-accounts]
      whitelisted-providers= ['']
    • For å tillate alle tilgjengelege leverandørar:

      [org/gnome/online-accounts]
      whitelisted-providers= ['all']

      Dette er standardinnstillinga.

  5. For å hindre at brukaren overstyrer desse innstillingane, lagar du fila /etc/dconf/db/local.d/locks/goa med dette innhaldet:

    /etc/dconf/db/local.d/locks/goa

    # Lås lista over leverandørar som kan lastast inn
    /org/gnome/online-accounts/whitelisted-providers
  6. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update
  7. Brukaren må logge ut og inn på nytt før systeminnstillingane vert gjeldande.