Vel eit sikkert passord

Gjer passorda dine enkle nok til at du kan hugse dei, men svært vanskelege for andre (inkludert program) å gjette.

Å velje eit godt passord vil hjelpe med å halde datamaskina di trygg. Om passordet ditt er lett å gjette, kan nokon finne det ut og få tilgang til personopplysningane dine.

Folk kan til og med bruke datamaskinar til systematisk å prøve å gjette passordet ditt, så sjølv eit passord som ville vere vanskeleg for eit menneske å gjette, kan vere ekstremt lett for eit dataprogram å knekke. Her er nokre tips for å velje eit godt passord:

  • Bruk ei blanding av store og små bokstavar, tal, symbol og mellomrom i passordet. Dette gjer det vanskelegare å gjette; det er fleire symbol å velje mellom, som tyder fleire moglege passord som nokon måtte ha sjekka når dei prøver å gjette ditt.

    Ein god måte å velje eit passord på er å ta det fyrste bokstaven i kvart ord i ei setning som du kan hugse. Setninga kan vere namnet på ein film, ei bok, ein song eller eit album. Til dømes ville «Flatland: A Romance of Many Dimensions» verte F:ARoMD eller faromd eller f: aromd.

  • Gjer passordet ditt så langt som mogleg. Jo fleire teikn det inneheld, jo lengre tid bør det ta for eit menneske eller ei datamaskin å gjette det.

  • Ikkje bruk ord som finst i ei vanleg ordbok på noko språk. Passordknekkarar vil prøve desse først. Det vanlegaste passordet er «passord» — folk kan gjette slike passord svært raskt!

  • Ikkje bruk personlege opplysningar som dato, registreringsnummer eller namnet på eit familiemedlem.

  • Ikkje bruk substantiv.

  • Vel eit passord som kan skrivast raskt, for å minke sjansen for at nokon kan tyde kva du har skrive om dei tilfeldig ser på deg.

    Skriv aldri ned passorda dine nokon stad. Dei kan lett finnast!

  • Bruk ulike passord til ulike ting.

  • Bruk ulike passord for ulike kontoar.

    Viss du brukar det same passordet for alle kontoane dine, vil alle som gjettar det få tilgang til alle kontoane dine med ein gong.

    Det kan likevel vere vanskeleg å hugse mange passord. Sjølv om det ikkje er like trygt som å bruke ulike passord til alt, kan det vere lettare å bruke det same passordet til ting som ikkje er viktige (som nettstader), og ulike til viktige ting (som nettbanken og e-posten din).

  • Endre passorda dine regelmessig.