Delta for å forbetre omsetjingar

GNOME-hjelpa vert omsett av eit frivillig fellesskap over heile verda, og det er mange språk som framleis treng omsetjingar.

For å byrje å omsetje, opprett ein konto og bli med i omsetjingslaget for språket ditt. Då får du moglegheit til å laste opp nye omsetjingar.

Kople deg til andre GNOME-omsetjarar i Matrix-rommet #i18n:gnome.org. Sjå sida Få hjelp med Matrix for meir informasjon. Om du føretrekkjer det, finst det òg ein IRC-kanal, #gnome-i18n, på GNOME IRC-tenar. Sidan folk i desse romma er spreidde over heile verda, kan det ta ein augeblink å få svar.

Alternativt kan du kontakte Internationalization-teamet ved å bruke GNOME Discourse.