IRC

IRC står for Internett Relay Chat. Det er eit meldingssystem i sanntid for fleire brukarar. Du kan få hjelp og råd på GNOME IRC-tenaren frå andre GNOME-brukarar og utviklarar.

For å kople til GNOME IRC-tenaren, bruk Polari eller HexChat.

For å opprette ein IRC-konto i Polari, sjå Polari-dokumentasjonen.

GNOME IRC-tenaren er irc.libera.chat. Om datamaskina di er korrekt oppsett, kan du klikke på lenkja irc://irc.libera.chat/gnome for å få tilgang til gnome-kanalen.

Sjølv om IRC er eit sanntids diskusjonsmedium, har folk ein tendens til ikkje å svare med ein gong, så ver tolmodig.

Ver venleg og merk at GNOME-etiske retningslinjer gjeld når du pratar på IRC.