Få hjelp med Matrix

Matrix er ein moderne, open kjeldekode-plattform for chat. På same måte som e-post kan du opprette ein konto på ein av mange tenarar og bruke kva klient som helst for å kople til, inkludert nettbaserte klientar.

  1. Vel ein klient. Matrix vedlikeheld ei liste over populære klientar, inkludert den populære Element-klienten og GNOME sin eigen Fractal-app.

  2. Opprett ein konto. Dei fleste klientar vil rettleie deg gjennom denne prosessen, og kontoen vil fungere på alle Matrix-klientar.

  3. Bli med i #gnome:gnome.org-rommet og spør i veg.

Meir informasjon, inkludert korleis du kan vitje andre GNOME-rom, finn du på GNOME-wikien.

Hugs å følgje GNOME-etiske retningslinjer når du pratar på Matrix og andre GNOME-plattformer.