Finn eit tapt vindauge

Eit vindauge på eit anna arbeidsområde, eller gøymt bak eit anna vindauge, er lett å finne ved hjelp av Aktivitetar-oversynet:

  • Opne Aktivitetar-oversynet. Viss det manglande vindauget er på det gjeldande arbeidsområdet, vert det vist her som miniatyr. Berre klikk på miniatyren for å vise vindauget på nytt, eller

  • Klikk på ulike arbeidsområde i arbeidsområdeveljaren for å prøve å finne vindauget ditt, eller

  • Høgreklikk på appen i dashbordet, og dei opne vindauga vert lista opp. Klikk på vindauget i lista for å byte til det.

Ved bruk av vindaugsskiftaren:

  • Trykk Super+Tab for å vise vindaugsvekslaren. Hald fram med å halde inne Super-tasten og trykk Tab for å bla gjennom opne vindauge, eller Shift+Tab for å bla bakover.

  • Viss ein app har fleire opne vindauge, hald inne Super og trykk ` (eller tasten over Tab) for å gå gjennom dei.