Kva er eit arbeidsrom, og korleis vil det hjelpe meg?

Arbeidsområde viser til grupperinga av vindauge på skrivebordet ditt. Du kan opprette fleire arbeidsområde, som fungerer som virtuelle skrivebord. Arbeidsområde skal redusere rot og gjere det lettare å navigere på skrivebordet.

Arbeidsområde kan brukast til å organisere arbeidet ditt. Du kan til dømes ha alle kommunikasjonsvindauga dine, som e-post og chat-appen, i eitt arbeidsområde, og arbeidet du gjer i eit anna arbeidsområde. Musikkspelaren din kan vere i eit tredje arbeidsområde.

Bruk av arbeidsområde:

  • I Aktivitetar-oversynet kan du navigere horisontalt mellom arbeidsromma.

  • Viss meir enn éin arbeidsflate allereie er i bruk, vert arbeidsveljaren vist mellom søkjefeltet og vinduslista. Den vil vise arbeidsflater som er i bruk no, pluss ein tom arbeidsflate.

  • For å leggje til eit arbeidsområde, dreg og slepper du eit vindauge frå eit eksisterande arbeidsområde over på det tomme arbeidsområdet i arbeidsområdeveljaren. Dette arbeidsområdet inneheld no vindauget du har sleppt, og eit nytt tomt arbeidsområde vil dukke opp ved sidan av.

  • For å fjerne eit arbeidsområde, lukk berre alle vindauga eller flytt dei til andre arbeidsområde.

Det er alltid minst eit arbeidsområde.

Arbeidsområdesveljar