Byt mellom vindauge
Du kan sjå alle køyrande appane som har eit grafisk brukargrensesnitt i vindaugsskiftaren. Dette gjer at du kan byte mellom oppgåver i eitt steg, og du får full oversikt over kva appar som køyrer.
Frå eit arbeidsområde:
Vindauga i vindaugsskiftaren er grupperte etter app. Førehandsvisingar av appar med fleire vindauge vert viste når du klikkar deg gjennom. Hald nede Super og trykk ` (eller tasten over Tab) for å gå gjennom lista.
Du kan også flytte mellom app-ikon i vindusskiftaren med → eller ← tastane, eller velje eit ved å klikke på det med musa.
Førehandsvisingar av appar med eit enkelt vindauge kan visast med ↓-tasten.
Frå Aktivitetar-oversynet kan du klikke på eit vindauge for å byte til det og forlate oversynet. Dersom du har fleire arbeidsrom opne, kan du klikke på kvart arbeidsrom for å sjå dei opne vindauga på kvart arbeidsrom.