Finn ei tapt fil

Om du har laga eller lasta ned ei fil, men no ikkje finn ho, kan du følgje desse råda.

  • Viss du ikkje hugsar kvar du lagra fila, men har ei aning om kva namn du gav henne, kan du søkje etter fila ved namn.

  • Viss du nettopp har lasta ned fila, kan nettlesaren din ha lagra ho automatisk i ei vanleg mappe. Sjekk mappene Skrivebord og Nedlastingar i heimmappa di.

  • Du kan ha sletta fila ved eit uhell. Når du slettar ei fil, vert ho lagt i papirkorga, der ho ligg til du tømmer papirkorga manuelt. Sjå Hent eit fil frå papirkorga for å lære korleis du kan gjenopprette ei sletta fil.

  • Du kan ha gjeve fila eit namn som gjer at fila er skjult. Filer som byrjar med . eller sluttar med ~ er skjult i filhandsamaren. Trykk på menyknappen i sidefeltet til vindauget og slå på Vis skjulte filer for å vise dei. Sjå Gøyme ei fil for å lære meir.